Vandring på Rinde i Krontveit bustadfelt

Tysdag kveld møtte tilsaman 20 personar opp ved den gamle plassen Rinde i Krontveit bustadfelt på Rauland. Arkeolog Line Grindekåsa frå Telemark fylkeskommune orienterte om funna ein har der. Eit lite bål blei tent ved tuftene etter den gamle bustaden til Sigurd og Margit Rinde, som truleg  flutte derifrå mellom 1910 og 1920. Det skal ha budd folk på Rinde etter den tid, men truleg berre i korte stunder. Men som nemnt i utlysinga; det har budd folk på Rinde lenge før den tid .

Kulturminna her går attende til 3 – 400 talet e. Kr., og er såleis varig verna. Her finn ein m.a. kulturmark med kol som dateringsmiddel frå like etter Kristi tid og gravhaugar frå straks etter 1000-talet.

Kvelden blei triveleg og ein avslutta like før det tok til å mørkne. Mellom generell orientering ved hustufta og vandring i feltet, blei det servert kaffe og kringle.

Ein stor takk til alle som møtte fram og Line Grindekåsa som tok turen opp frå Skien for å orientere.