Vil du bli medlem av laget?

Rauland Historielag arbeider for å ta vare på vår lokale historie i Rauland, Øyfjell og Møsstrond.

Me samarbeider med bygdefolk for å samle eldre opplysningar om både stader, hendingar og personar.

Nesten årleg gjev me ut ei bok, gjerne kalla årsskrift, som inneheld innlegg om farne tider. 

Omlag to gonger i året har me medlemsmøte der me tek opp tema frå gamle dagar, gjerne med bilete og video.

Elles har me kulturvandringar i nærområde der me fortel om staden me vitjar. Sist i fjor var me til bygdeborga på Grønlihei.

Vil du vere med oss i dette arbeidet for bygda og fellesskapet, er du hjarteleg velkommen som medlem.

Du kan sende ei lita melding til oss på e-post, så ordnar me resten. Kontingenten for året er kr 100,-

Velkomen skal du vere.