Atter blir det temakveldar!

Det ser ut til at coronapandemien omsider slepper taket og at me atter kan samlast til temakveldar på Raulandsakademiet. Me har bestilt Vesaas-salen på Raulandsakademiet den 7. okt. komande månad. Me må nok likevel avvente coronamelding frå regjeringa den 24. sep., så sjå annonse i VTB.

Temaet denne kvelden blir Songa og ryddinga av skogen langs Songavatnet før oppdemminga.

I åra 1961-62 arbeidde det ein lærar som heitte Jostein Sandsmark på Rauland skule like ved Rauland kyrkje. Ikkje på Rauland skule som i dag ligg i Rauland sentrum. Denne læraren tok seg i tillegg sommararbeid inne på Songa/Berunuten for å rydde skog før oppdemminga. Han var også ein ivrig fotograf med mange bilete frå tida si i Rauland og Songa. Desse vil han gjerne syne oss.

Hovudvekta blir på ryddinga i Songa. Men kanskje han også tek med nokre bilete frå Rauland på denne tida. I tillegg blir det nok også andre og eldre bilete med omtale frå Songaområdet.

Det blir same opplegget som før. Rundt rekna ein time inne i Vesaas-salen, så kaffe med kake inne i matsalen på Raulandsakademiet. Praten må de sjølve syte for. Og så malurta i begeret då desse kveldane ofte kostar laget fleire tusen kroner : Det blir inngangspengar.

Alle er hjarteleg velkomen.

P.s.: Biletet er Skamarken d.e. i Nekkjeosen.