Biletgalleriet.

Redaktøren legg stadig inn nye bilete frå eldre tider i Rauland. Pr. i dag ligg det inne 146 bilete. No har skulebileta fått namn på elevane på dei fleste elevane. Her vantar eg nokre namn. Likeins er Rauland Musikkorps lagt inn. Her også vantar eg namn på dei som sit i Rauland kyrkje. Har du dei, kan eg gjerne få namna på både elevane og musikantane. 

Til dykk som er nye i heimesida til Rauland Historielag. Gå inn øvst på sida de er på, der det står Biletgalleri, så er det berre å skrolle seg nedover og nyte seansen. God fornøyelse.

P.s.: Finn de feil, må de seie frå. Dette er eg takksam for.

Neste temakveld er tysdag 21. januar. Temaet denne kvelden er om Murukleiven. Det kjem nærare omtale og annonse om emnet.