BOK-SLEPP 2020

Rauland Historielag og Viser og Dikt ynskte  velkommen til ettermiddagstreff  i festsalen torsdag 3. des. med lansering av boka HAND I HAND.  Dette var historielaget si bokutgjeving for 2020.  Boka byd på eit utval av dikt som Hilda Tjønn har skrive gjennom mange år,  og er illustrert med foto av Einar Tjønn sine landskapsmåleri og Hilda sine trerelieff.  Historien om Hilda og Einar og deira samstemde  kjærleik til naturen og kunsten høyrer også med.

Hilda har vore ein trufast deltakar på Viser og Dikt i meir enn 10 år, og ho kan stadig – i sitt 93. år- by på framføringar med sterk røyst og av både eigne og andre sine dikt.

Eystein Matheussen har gjeve tone til  fleire av dikta, og vil framføre nokre av songane.

Det blei dessverre ingen allsong, men alle fekk kaffe og kaker!

På grunn av smittevernreglane mot korona måtte alle melde seg på til Toril Nicolaisen – telefon 95212925 eller epost torilnico@gmail.com

Hilda Tjønn fortel om boka og takkar.
Publikum som var med på boksleppet.
Musikk ved gruppa “Viser og Dikt”