Bok til jol frå Rauland Historielag.

Laget kjem med ny bok i slutten av året. Me har tidlegare kalle dette for årsskrift, men ein kan vel neppe kalle det det lenger. Boka inneheld ikkje referat og meldingar frå siste årsmøtet. Det finn de til ei kvar tid på denne heimesida. Men me vonar de likevel vil finne interessant lesning for det i dette skriftet. 

Boka inneheld stoff om raulendingar i tysklandsbrigaden like etter siste verdskrig, driftetrafikken med dyre frå Midt-Telemark til fjells, kunstnaren Miling Svalastog, om ei kunstutstilling i 1948 og Åmyri som sentrum på slutten av 1800-talet.

—————–

Etter siste verdskrig blei Tyskland okkupert og delt mellom dei allierte og Sovjetunionen. Dei allierte okkuperte Vest Tyskland der Noreg også sende soldatar i lag med dei andre allierte nasjonane. Noreg deltok frå 1947 til 1953 med ca. 50 000 soldatar før oppdraget var fullført.

  Odd Nystog som soldat i Tyskland.

   Korporal Haldor Myrvang

Driftetrafikken med dyr er eit omfattande tema. Det er i dag lite å finne att i naturen frå denne aktiviteten. Me finn trakk eller far i bakken etter dyra som gjekk der, nedrasa steinbuer eller hóler under store steinar der hjuringane budde. Det må ha vore ei trasig tilvære.

 Kyr sym over Totak i Arabygdi.

  Steinbu i Austre Skindalen.

Rauland har fostra og teke i mot fleire kunstnarar. Ein av dei som kom til bygda, var Miling Svalastog. Ho var frå Trøndelag, men gifte seg i Rauland og blei verande. Ho var biletveverske fyrst og fremst.

 Miling i vevstoga på Bøen.

  Byklestigen av Miling.

Helga Landsverk er eit mangeårig medlem i Rauland Historielag. Som ung i 1948 gjekk ho på realskulen i Bø. Der fekk ho i oppgåve å skrive om ei kunstutstilling. Same året var det stor kunstutstilling av det nystarta Rauland Bygdelag i det gamle kommunehuset Rauland. Dit reiste Helga.

 Helga Landsverk som ung.

Fram til langt utpå 1960-talet eksisterte det neppe eit sentrum i Rauland. Frå då av voks det dei i si tid kalla for Krossen fram. Der møtest vegane frå Åmot, Austbø og Raulandsgrend i det me i dag kallar for Rauland sentrum, eller berre Rauland. Om Rauland før denne tid, kanskje i mellomkrigsåra eller tidlegare, kunne rekne Haddland med Tingvoll (det gamle kommunehuset) eller Åmyri med den gamle marknadsstaden, Hardingplassen, som sentrum, blir eit diskusjonsspørsmål.

  Åmyri i dag.

 Aslak Lognvik med dottera Magnhild.

Biletet på framsida er eit panoramabilete frå  Kringlesjånuten i Kvenndalen ned mot Gunnleiksbu- og Briskevatn.