Boklansering sundag 25. nov. kl. 1400.

Sundag 25. november kl. 1400 blir det «bokslepp» i Årestoga på Raulandsakademiet av årsskriftet for Rauland historielag 2018.

Årsskriftet er sett saman av ulike artiklar som femner breitt. Det er ingen planlagd «raud tråd».  Du kan lesa om tidleg hytteturisme i Rauland, stell av gamle og sjuke i bygda, bygdehovdingen Aslak K. Svalastoga, stoda på Møsstrond frå midten av 1800-talet og frametter, menneskeskapte steinsamlingar kring Songa og om skiftande eigarar og drivarar av Rauland høgfjellshotell.

Idéen om ein artikkel om hyttelivet attende til 1940-talet var ein ny vri. Hyttefolket er også ein del av bygda og mange har høyrt til i fleire tiår. Kirsti Camerer har skrive om barndoms- og ungdomsminne frå hytta Teleroi som ligg ved Oksatjønn. På 40-talet var det var det svært få hytter i nærleiken. Kirsti kom attende til Rauland i 1977 og har budd her seinare.

Gunn Gardsjord har skrive om helselaget og helsestell i Rauland gjennom 100 år. Rauland fekk sitt fyrste helselag i 1917, då under namnet Rauland sjukerøktlag. Gudrun Ofte var den fyrste faste sjukepleiaren i Rauland. Rauland sjukestoge har ein sentral plass i den lokale bygdesoga. Heile artikkelen blir avslutta med omtale av Jon Guldal, som blei utnemnd til distriktslege i Rauland i 1958.

Asbjørn Gardsjord og Alf Seltveit har skrive om Aslak K. Svalastoga, ei kraft i politikk og kultur. Aslak prega Rauland i etterkrigsåra fram til 1960. Han var ordførar og bygdeutviklar. Aslak var lærar og skulemann, og kunstnar i fleire sjangrar. Som forfattarane skriv: Han ville mykje med livet.

På ein temakveld i Rauland historielag i vinter fortalde historikar Pål Georg Thorrud frå Rjukan om Møsstrond på 1800-talet. Thorrud trekkjer fram eit par liner i Møsstronds historie. Den fyrste er knytt til endringane mellom prestegjelda som førte til at Møsstrond blei eit eige sokn i det nye Rauland prestegjeld/herad. Den andre lina tek for seg utviklinga i folketalet.

Johan Vaa har skrive to artiklar. I den eine artikkelen fortel han om ymse kulturminne i Songatraktene det knyter seg litt spesiell historikk til, eller som er lite kjende.

Den hin er om pionertida med bygging og drift av Rauland Høgfjellshotell. Åtte raulendingar skipa lutlaget Rauland hotellag i 1947. «Lødøentida» har sjølvsagt ei eiga omtale, likeeins andre eigarar og drivarar fram til i dag. 

Årsskriftet er til sals på «boksleppet».

Sakrisbu langs Songaelva inn mot Hellevatn