Det norrøne kjem til Rauland

Forfattar, lærar og sauebonde Tore Kvæven kjem til felles temakveld i Rauland historielag/Folkeakademiet måndag 21. oktober kl. 19:00 på Raulandsakademiet.

I fjor kom Kvæven med boka «Når landet mørknar» om den norrøne busetjinga på Grønland. I november blei han tildela Brageprisen. På temakvelden får me også høyre noko om kor sauebonden frå Sirdal hentar inspirasjon.

Tore Kvæven, 50, har tidlegare utgjeve spenningsromanen «Hard er mitt landslov» som handlar om vikingtokt til Afrika. I foredraget fortel Kvæven historia til det norrøne Grønland, korleis levde dei? Han skildrar det dramatiske og det alminnelege. Bak handlingane står rivingane mellom trua på dei gamle norrøne gudane og Kvitekrist – motsetnadene mellom busetjarane og skrælingane, dei som budde der fyrst.

Kvæven har gått langt attende i historia. Spennande å høyre om matlaging, klede, dyreliv, våpen, båtkonstruksjonar og fangst- og fisketeknikkar – og samspelet natur, dyr og menneske. 

Vil Tore Kvæven også seia noko om samfunnet i dag? Kva kan me taka med oss frå livet på Grønland for meir enn 700 år sidan.

Servering. Inngangspengar kr 100, ikkje-medlemmer kr 150.

Vel møtt.