Jern, jakt og fangst i vikingtid og mellomalder

27. mars, i påskeveka, inviterer Rauland historielag til open temakveld på Raulandsakademiet om jern, jakt og fangst i vikingtid og mellomalder. I 2017 tok raulendingen Kjetil Loftsgarden doktorgraden ved Universitetet i Bergen på avhandlinga: ”Marknadsplassar omkring Hardangervidda – ei arkeologisk og historisk analyse av innlandets økonomi og nettverk i vikingtid og mellomalder”. På temakvelden vil han fortelje om funn han har gjort, kartleggingar og historie.

 

I Rauland er slike kulturminne synlege mange stader. 

 

Perioden frå slutten av vikingtid og fram til og med høgmellomalder er ein utprega ekspansjonsperiode over heile Europa. Også Noreg fell inn under dette alminnelege biletet når det gjeld framvekst av byar, handel, handverksproduksjon, auka folketal og jordbruksareal.

 

Samstundes er det ein klar auke i utnyttinga av utmarksressursar, både fjellbeite og stølsbruk, men òg produksjon av jern frå myrmalm, jakt og fangst, samt steinressursar som kleber, kvernstein og brynestein. Til tross for at desse ressursane representerte store verdiar er dei knapt omtala i skriftlege kjelder frå mellomalderen.

 

Kjetil Loftsgarden vil fortelje oss kva tyding desse ressursane hadde for folk i Vest-Telemark i denne perioden og for samfunnet generelt. Sentrale spørsmål er kvar og korleis utvekslinga av desse varene og ressursane frå fjell- og dalbygdene gjekk føre seg.

 

Er det nok slike freda kulturminne, kva ansvar har grunneigar, og kva vederlag grunneigar får om område må kartleggast ved utbygging? Kjetil Loftsgarden, som no arbeider som arkeolog ved Kulturhistorisk museum, kan sikkert  svare på slike spørsmål om det er aktuelt, i tillegg til den historiske gjennomgangen. 

 

Bildetekst: Sentrale handelsvarer i vikingtid og mellomalder – klebersteinskar, pels, skinn, gevir, brynestein og jern. Foto: I.E. Johnsen © Kulturhistorisk museum, UiO / CC BY-SA 4.0