Krotingar på loft og låve.

Folkekunst, tidtrøyte eller magi.

Åsta Østmoe Kostveit kjem med nyutgjeven bok til temakveld 20.november kl.19 i Vesaassalen, Raulandsakademiet.

Åsta Kostveit fortel om eit særfenomen, figurskjering eller kroting på låvar. I dei siste tre-fire åra har Åsta arbeidd systematisk med å dokumentere ei side av folkekulturen som det ikkje er skrive noko om tidlegare.

Figurkrot på treskjelåvar har truleg vore eit fenomen over mesteparten av landet. Kanskje mest utbreidd i fjell- og fjordbygder. Åsta har vore på samlarferd og registrert mange stader, utvida frå Vest-Telemark til å dekke meir og mindre heile Sør-Noreg.Vekta ligg på Vest-Telemark, då det her framleis finst mange gamle «låer», i alt 80-90 låvar.

Det er kornet det dreiar seg om, kornet gjeld liv og død. Det verdfulle kornet – Gudslånet. Det kjem fram i mange av figurane, dei symbolske teikna som blir bruka magisk for å verne kornet og auke lykke med avlinga. Andre figurar avspeglar kva treskjeraren var oppteken av, til dømes hest og jenter og dramatiske hendingar.

Åsta Kostveit har ikkje berre registrert og fotografert. Åsta skriv at ho freistar å tolke figurane, sette dei inn i ein ein samanheng, både historisk og kulturhistorisk, og syne korleis figurane kastar lys over arbeidsliv, bygdelivet, interesser og trusforestillinger. Slik blir det også ei drøfting av kvifor dei skar desse figurane, og nett figurane.

Boka er til sals på temakvelden.

Enkel servering. Inngangspengar kr 100, ikkje-medlemmer kr. 150.