Kulturminnedag 2018

Rauland Historielag arrangerte kulturminnedag i lag med NIA (Norsk industriarbeidermuseum) og Vinje kommune torsdag 6. september 2018.

Kulturminnedagen blei gjennomført ved ein båttur på Møsvatn med Fjellvåken og Odd Solheim som kaptein. Ein meiner det var vel 60 personar med. Turen gjekk frå Skinnarbu, inn austsida av vatnet, innom Sundet og Førnes, til Liset. Heimover gjekk turen på vestsida av vatnet, innom Hamaren og Varmevoll, gjennom Bjønnsundet, forbi Kromviki, rundt Kromøya, attende gjennom Draghaug og til slutt gjennom Skåki attende til Skinnarbu. På turen vart det servert lapskaus og vaflar med kaffe.

Under heile turen fortalde Olav Nystog levande om samfunnet rundt Møsvatn. Han starta frå tidsepoken då dei fyrste jegerane kom innover vidda, om jernutvinninga, driftebeitinga og til slutt reguleringa  av vatnet. Dei som fylgde med, fekk eit godt inntrykk av dette veglause samfunnet og livsvilkåra. I tillegg song Inger Lien nokre visestubbar.

Turen var triveleg, men veret kunne ha vore betre. Det regnde og var grått, så sikten var dårleg. Men alle var i godt humør, og nokre våga seg til og med ut på dekk med regnklede eller enkel jakke. Det rare er, om ein blir våt, så turkar ein att. 

Rauland Historielag takkar Vinje kommune som kosta turen.

Skipper Odd Solheim

Medlemmer av Rauland Historielag og Inger Lien