Kyrkjegardsvandring på Rauland kyrkjegard 2018

Det møtte vel 100 personar til kyrkjegardsvandringa på Rauland kyrkjegard olsok 2018. Ingrid Skjøtskift frå Rauland Historielag ynskte alle vel møtt ved kyrkjetrappa. Slekt, eller vener, tala ved fem graver om den personen/personane som ligg der. Kyrkjetenar, Olav Jore, er den som hadde finn fram til gravene som er tenkt. Desse gravene stoppa me ved: Ingebjørg og Knut Vegheim v/ Olav Nystog, Rikard Flatastøyl v/Torgeir Seltveit, Tarjei Juvland (søndre) og Eivind E. Øygarden v/Ingrid Skjøtskift, Sveinung Sørensson v/Gunn Gardsjord og Bjørn T. Vaa v/Solveig Loftsgarden. Etter kyrkjegardsvandringa var det eit lite kulturelt innslag ved Arne Øygarden med løglege røur.

Etter kyrkjegardsvandringa var det messe med dåp i kyrkja. Her preika prest Ruth Miriam Kolstad Varhaug medan Tony Raley sat ved orgelet.  Etter messa var det servering av graut med saft ute på kyrkjebakken. I år bles det litt på strondi, men regnet heldt seg borte, heldigvis. Dei to førre åra har det berre vore regn. I år hadde me ein svært fin kveld.

Biletet er frå kyrkjegardsvandringa olsok 2018.