Med Rauland Historielag på tur til husmannsplassen Kolås

Som i så mange andre bygdesamfunn rundt om i Noreg, finn ein også i Rauland mange attlagde plassar i utmarka. Desse plassane er oftast attgrodde med busk, tre og mose. Men ser ein godt etter, finst der synlege merke etter bustad. Det kan vera så som husmurar, ofte med kjellar, åkerreinar, rydningsrøyser og steinmurar rundt det som ein gong har vore innmark.

Sist torsdag arrangerte laget tur til den gamle husmannsplassen Kolås som låg ned mot vestsida av Tansåi i Nesland. Om dagen var det regn, og laget frykta få ville møte. Men i kveldinga slutta regnet og sola skein opp.  Det møtte bortimot 30 personar som vandra den korte stien frå parkeringsplassen ved vegkrysset inn til Nesland i Tansosbakkane.

Kolås var plass under Lofthus på Nesland. Ein finn at her har budd folk frå 1700-talet, kanskje tidlegare, og fram til midten av 1800-talet. Den siste som truleg budde her, var ein hestehandlar som hadde smie nede i Tansåi. Plassen ligg lunt til i sørausthellinga ned mot Tansåi. Her skal  ha vore gode åkrar der kornet sjeldan fraus. I hardåra 1811-12 skal dette ha vore ein av to plassar i Rauland der kornet ikkje fraus.

I dag ligg plassen i eit villniss av barskog og kratt. Her var det vanskeleg å få til eit godt bilete. Men marka såg ut til å vera svært god med frodig vegetasjon. Såleis har nok dette vore ein god buplass. Men så kjem spurnaden; kvifor flutte folk vekk? Kan det vera at husbonden på Lofthus ville ha marka sjølv, industrireisinga som tok til i Noreg eller utferdstrongen til Amerika. I andre halvdel av 1800-talet utvandra det 750 000 til USA, og folketalet seig i Noreg. Dette kan me berre spekulere på.

Gode informantar var Oddvar Loftsgarden, Solveig Loftsgarden og Halvor Vasshus. Med opphald og litt sol blei dette ein triveleg kveldstur.

Dei som vil lesa meir om Kolås kan finne fram til årsskrift 2005, Gamle plassar og stoger i grend og utmark, som då også inneheld opplysning om fleire andre gamle plassar rundt om i Rauland.

Oddvar Loftsgarden informerer
Oddvar Loftsgarden fortel.
Gunn Gardsjord les opp informasjon om Kolås av Solveig Loftsgarden.