Mellingen – få høve til å bu og leva der ein høyrer heime.

Den tydelege og engasjerte redaktøren i TA, Ove Mellingen, kjem til temamøte på Raulandsakademiet tysdag 24. september kl. 19:00.

Mest kvar dag gler han lesaren med tekster og foto frå bygd og by. Mellingen er svært oppteken av at for å taka vare på det beste i Noreg – må ein også forsvare busetjing og verdiskaping i heile landet.

Me «bur i verdas beste land» og føresetnaden er blant anna at folk får høve til å bu og leva der dei høyrer heime. Bergensaren Mellingen som kom til TA i 1993, kjenner bygdene. Han meiner at distrikta har vore med på å skape dette landet. Det er rikdom og verdi, ikkje eit problem.

Det er også ein viktig føresetnad for velstanden vår.

Servering. Inngangspengar kr 100, ikkje-medlemmer kr 150.