Politikarar og andre folk

Temakveld med Bjørn Bø er avlyst grunna corona situasjonen.                   Ny temakveld tysdag 17. mars 2020 kl. 19. 00.  

Bjørn Bø starta som NRK-stipendiat i 1976. Han arbeidde i NRK Telemark frå 1977 til 1984 og sidan i Dagsnytt. Frå 1986 til han gjekk av med pensjon i 2013, var han tilsett i politisk avdeling der han også har vore leiar. I ein periode var han NRK sin Stockholm-korrespondent. Han er særleg kjend som politisk kommentator, programleiar for Politisk kvarter og for innsatsen under NRK sine valsendingar heilt frå 1970-talet.

I 2005 fekk Bjørn Bø Storegut-prisen. Styret i Litteraturdagane sa dette ved tildelinga. «Som radiomann i mange år, hev han nytta nynorsk på ein måte som kan tene som mønster for alle, ei normalisering som ikkje løyner målføret som ligg i botn og gjer målet personleg».

I 1997 fekk han Kringkastingsprisen.

Alle er hjarteleg velkomne. Kaffe og kake etterpå. Medlemer kr 100. 

Ikkje medlemer kr 150.