Rydding av vindfeller på Rinde.

Oppdrag gjennomført.

Så er rydding av vindfellene på Rinde unnagjort. Det møtte 8 personar, og arbeidet gjekk greitt unna. To av vindfellene hadde store rotvelte, men desse blei bøygt ned. Slik er dei til ingen fare for ungar t.d. Enkelte stader var det litt vel mykje snø, men det ryddar me opp litt seinare utpå våren. Laget rettar ein stor takk til desse for godt utført arbeid.