Temakveldar hausten 2018

Rauland Historielag startar opp att med temakveldar no i september, tredje tysdag i månaden som før. Men: Fyrste datoen blir likevel tosdag 20. september p.g.a. han som skal fordra. Temaet denne kvelden er Rauland frå 1940 til 1960 åra med Arild Holt-Jensen. Han skreiv ei lang og utfyllande avhandling om Rauland på 1960-talet.

Etter det blir det Nils Johan Røniksen og bilete frå Tokkeanlegget. Dette innlegget kjem også på ein torsdag, etter tredje tysdag i månaden. Det er ikkje alt me rår med.

Til slutt i november kjem Åsta Ø. Kostveit med presentasjona av boka si om ritingar på låveveggar.

Rauland Historielag planlegg som før å vere på Raulandsakademiet med temakveldane, også med servering. Men det kjem nærare omtale og annonse om kveldane, både her på heimesida og i VTB. Så fylg med, godtfolk.

Biletet på framsida er Haugen i Arabygdi rundt 1960 med utsikt austover Totak.