Tur frå Dyrlandsdalen over Vasen og til Rønjomsgrenda.

Sundag 22. september gjeng turen frå Dyrlandsdalen på Valjuvvegen og over Vasen til Rønjomsgrenda og tilbake til Valjuvvegen. Turen er eit samarbeid med Seljord sogelag.

Turen startar for dei frå Seljord kl. 1000 frå Granvin, og frå Nutheim ca. kl.10.15. Ein køyrer med privatbilar opp til Åmotsdal. Start nede i enden av Valjuvvegen ved bommen kl. 1030 der ein møter den gamle bygdevegen mellom Langlim og Åmotsdal. Oppe i enden av Valjuvvegen går ein over Vasen og ned til Rønjomsgrenda. Deretter går ein forbi Vehustjønna og ned den gamle vegen kalla «Tobakkslykkjune» og tilbake til bilane ved starten av Valejuvvegen. Vegen er grei å gå med moderat stigning, men det kan vera lurt med godt fottøy. Det er ca. 8 km totalt og ein reknar med å bruke ca. 4 timar. For dei som ikkje ynskjer å gå heile vegen tilbake frå Rønjom så arrangerar ein det slik at nokon bilar parkerar i Rønjomsgrenda. Tak med mat og drikke og evt. noko å sitje på. Eivind Dyrland vil vera kjentmann og forteljar. Alle er velkomne. Atterhald om veret.

 

Start frå Rauland og kor ein køyrer og parkerer: 

Start og samkøyring for oss frå Rauland i Rauland sentrum kl. 0945. Ein køyrer så til Åmotsdal forbi Åmotsdal kyrkje, deretter vidare over ei bru der det står skilt til Skardsvegen like før brua ( ikkje kjøyr av til Skardsvegen ). Vidare over ein over bakketopp og ned til neste bru. No er ein i Valjuv, men køyr litt vidare. Ein ser avkjøyrsla/parkeringplasens/startpunkt på høgre sida når ein kjem opp på flaten med bommen. Sjå bilete.

Valjuvvegen med bru under Hellnuten

Tobakkslykkjun