Tur opp Valjuvvegen, over Vasen og ned til Rønjom i Åmtsdal

Sundag 22. september arrangerte Seljord Sogelag i samarbeid med Rauland Historielag tur opp Valjuvvegen i Åmotsdal. Frå Valdammen fylgde me den gamle kyrkjevegen frå Langlim over Vasen til Rønjom. 33 personar deltok, 12 frå Rauland/Vinje og 21 frå Seljord, dei fleste medlemmer frå dei to sogelaga. Eivind Dyrland var kjentmann og turleiar. Dagen var strålande med sol og stilt ver. Frå hovudvegen i Dyrlandsdalen fylgde me Valjuvvegen, bygd i perioden frå ca 1920 til 1952, ein tre km lang veg med noko så sjeldsynt som jamn stigning og nesten ikkje svingar. Svært ulik dei andre vegane  i dalføra her, må ein seia. Godt gjort, når ein ser på landskapet. Han var lett og grei å gå. Opphavleg var vegen tenkt som ein del av gjennomgangsveg langs Gjevarvatn til Øyfjell og Rauland. Det skulle vera avstikkar frå Valadammen til Langlim. (Veglaus heilt til 1956 då vegen vart bygd frå Manndal.) Men på grunn av ras frå ein bratt og glatt nut, særleg vinterstid, Hellenuten, gjennomførde ein ikkje dette.

Frå starten ved hovudvegen i Åmotsdal.                                                                  Turleiar Eivind Dyrland

Hellenuten er grei å passere sommarstid, og oppe ved dammen blei det ein rast.

Hellenuten.                                                                                                                          Ein åmotsdøl, Eivind Dyrland og tre raulendingar, Gunn Gardsjord, Malla                                                                                                                                                                                                      og Sveinung Skinnarland.     

Dammen som ligg oppe ved utgangsosen av Valatjønn blei bygd som kombinert sperredam og bru, til nytte blant anna for tømmerfløyting i Valjuvåi så seint som i 1928. Vatnet frå Valatjønn, som heng saman med Gjevarvatn, går i dag (etter ca 1970) til Sundsbarm gjennom fallsjakta like nedanfor den gamle dammen. Sundsbarm Kraftverk er ein del av selskapet Skagerak Energi. 

Dammen oppe ved Valatjønn.                                                                                    Valjuvet litt nedanfor dammen.

Bakkane frå Valdammen og opp mot Vasen var bratte. Valjuvvegen var slutt. No gjekk me på ein sliten traktorveg, men opp kom me. Vasen har vore gammal slåtte og staule som har lege under nordigard Rønjom, heimstaden til Eivind Dyrland. Tydelege murar etter fire hus, åkerrein og rydningsrøysar tyder også på fast busetnad ei tid i middelalderen.

Opp bakkane mot Vasen frå Valjuvdammen.                                                         Rønjomgrendi sett frå Vasen

Vasavegen går på nordsida av Rønjomsnuten, og bakkane ned til Rønjom er bratte, men det gjekk greitt. Då me var vel nede på garden, blei det servert saft av svarthylleblom og raud saft. Det smaka nok godt, for eg trur alle forsynte seg.

Vel nede på garden Rønjom

Takk til Seljord sogelag som arrangerte turen og at me frå Rauland fekk vera med. Det blei ein fin og triveleg dag, m.a. takka vera det gode veret. Takk også til Eivind som var ein svært god turleiar.