Krafthistorie – landet og bygdane blei endra.

Krafthistorie – landet og bygdane blei endra

Tidlegare rådmann i Tokke, Vinje og Tinn held foredrag om krafthistoria nasjonalt og lokalt på temakveld i Rauland historielag torsdag 21. november. Lødøen har sjølv vore sentral i kraftforhandlingar i fleire ti-år.

Lødøen fortel om Sam Eyde sine oppkjøp av fallrettar. Skipinga av Norsk Hydro  og industriplanane på Rjukan var den direkte årsaka til panikklova og dermed starten på det politiske arbeidet med utforming av konsesjonslovene. Kraftkommunane i Øvre Telemark hadde ei sentral historisk rolle i denne prosessen i tidsrommet 1906 til 1917.

Bestemmelsane i konsesjonslovene om at norsk naturressursar skal eigast av det «norske folk» har vore eit berande prinsipp i over 100 år. Konsesjonslovene har vore avgjerande for Noregs utvikling til eit av verdas beste land å bu i.

Utnytting av naturressursar gjev ein ufortent verdiauke utover det normale, ein verdiauke som skuldast andre enn eigaren sjølv. Denne verdiauken – kalla grunnrenta – skal kome samfunnet til gode.

Varig kompenasjon

Kommunane i utbyggingsdistrikt har rettigheitar. I foredraget peikar Lødøen på dei to hovudprinsippa som er førande: Kommunane skal ha varig kompensasjon for dei naturøydeleggingar som kraftutbygginga medfører  og kraftkommunane har krav på ein del av verdiane som vert skapte ved utnyttinga av vassdraga. Altså ein del av grunnrenta.

Prinsippa er under stadig press frå ulike krefter. Særleg dei konsesjonsbaserte rettane for kraftkommunane er utsette for åtak. Utbyggjingskommunane si samfunnskontrakt vert utfordra. Innstillinga frå kraftskatteutvalet er eit varsel. Kraftkommunane kan misse millioninntekter. Protestane er kraftige og kjem frå kraftkommunar i heile landet.

Kommunestyrerepresentantane er spesielt inviterte til denne temakvelden.

Enkel servering. Inngangspengar kr 100, ikkje-medlemmer kr 150.