Olsok 2012, 29. juli
Også i år var det mange folk som møtte opp til vandring på Rauland kyrkjegard før gudsteneste med musikkinnslag i kyrkja. Det ekstra musikkinnslaget var det Arne Øygarden som stod for på fela si. Og etter gudstenesta med sokneprest Per A. Sørensen var det som vanleg servering av feitegraut som ein del valde å ete inne sidan det var litt surt vêr ute på stranda.