Olsokvandring 29. juli 2019.
Olsokvandring på Rauland kyrkjegard 2019. Det blir i år som før også kyrkjegardsvandring på Rauland kyrkjegard. Vandringa startar olsokkvelden kl. 1700 med påfylgjande messe kl. 1800. Sidan 1996 har laget i lag med Rauland sokneråd arrangert kyrkjegardsvandring. Laget har då funne fram til fem eller seks graver som ein stoppar opp ved. Oftast er det medlemmer av slekta som fortel om den som ligg gravlagt. Dette tek omlag ein time. Olsok, eller Olavsdagen, er feiringa av dødsdag til Olav den Heilage 29. juli 1030. Kongen som har fått æra av å ha kristna Noreg. I mellomalderen, då Noreg var katolsk, var olsok ein av dei viktigaste helgenmarkeringane. På grunn av Olav den Heilages spesielle posisjon i norsk historie, har ein halde fast ved denne dagen som ein nasjonal festdag, også etter reformasjonen i 1536. Det norrøne namnet er Olafsvaka, der vaka tyder nattleg gudsteneste før store kyrkjelege høgtider. Det medførte i tidlegare tider at hovudmarkeringa av olsok eigentleg fann stad kvelden før 29. juli. Etter vandringa blant gravene på kyrkjegarden går dei frammøtte inn i kyrkja til ei lita messe. Etter messa blir det servert graut og kaffe, då aller helst ute på kyrkjebakken om veret er godt. Er veret dårleg, blir serveringa inne i kyrkja. Dette har vore eit populært arrangement. Fleire gonger har det møtt opp mot 200 personar, også veldig mange som ikkje bur fast i Rauland. Det same vonar ein på i år også. Det er Rauland sokneråd og Rauland Historielag står bak arrangementet. Vel møtt til alle. *********************