Kyrkjegardsvandring 2020
Det møtte omlag 70 personar til kyrkjegardsvandringa dette året. Historielaget er svært nøgd med dette når ein tenkjer på coronatilstanden i landet. Normalt tidlegare år har det bruka å vera rundt 150 frammøtte. Alle frammøtte blei noterte med namn og telefonnr, som så blei levert rette instans i helsevesenet i Vinje.
Personane ein stopp opp ved dette året var Kirsti og Eivind Øygarden fortalt av Asbjørg Ø. Neset, Anne Lofthus fortalt av Sigrun Midtbø, Odd Kjelingtveit (Skeie) fortalt av Anne Oddny Foldøy og Martin Mikkelsen fortalt av Birger Kjelingtveit.
Veret var godt med litt vind som båra kvitt på Totak. Men skogen rundt kyrkjegarden skjerma for denne og høgtalaranlegget fungerte.
Etter vandringa rundt på kyrkjegarden var det ei lita messe med servering av graut etterpå.