Rehabilitering av dammar, nye kraftverk, sikring mot ras og erosjon

På temakveld i Rauland historielag 21. februar kl. 1900 på Raulandsakademiet fortel kraftverkssjef Hallgeir Kleiv om større anleggsarbeid dei siste 25 åra.

Kleiv fortel også om utviklinga i Statkraft frå eit nasjonalt vasskraftselskap til ein internasjonal energiaktør.

I dei siste åra har det vore omfattande rehabilitering og forsterking av alle fyllings- og betongdammane, blant anna i Venemo, Bitdal, Margittjønn, Songadammen, Langesæ dam og Vågi dam. Songa/Trolldalen dammar fekk Damkrona, ein heiderpris for særleg god utføring og «en skånsom ryddejobb».

Nye kraftverk er bygd Haukeli i 2013 og Vesle Kjela, som er det øvste kraftverket i Tokkevassdraget, i 2021.

Prosjektet Farastad gjekk ut på å fjerne den gamle steintippen som ved fleire tilfelle hadde rasa ut. Det er køyrd vekk store mengder stein, fleire tusen lastebillass, området er rusta opp, skotebanen ehar fått eit lyft og bekkeløpet er rusta opp.  

Ved utløpet av Bituåi held ein på med erosjonssikring. Det har vore steinsetting i fleire år.

Jamt over er det bruka lokale entreprenørar og underentreprenørar.

Tokke-Vinje anlegga produserer gjennom ei rekkje kraftverk over 4,5 TWh årleg.

Hallgeir Kleiv vil også seia noko om minstevassføring.

Det er høve til spørsmål og kommentarar.

Laget ser seg tvungen til å heve billettprisen. Både kaffe med kake og leige av Vesaassalen kostar. Frå no av blir billettprisen kr 150,- for medlemmer av laget og kr 200,- for dei som ikkje er medlemmer av laget. Vonar de forstår dette.

Kake og kaffi med røur etterpå.

 

                    Gamledammen i Drømbeshylen

       

   Arbeidet med den nye dammen i Drømbeshylen