Utvandringa til Amerika frå Rauland og Lårdal
Tysdag 19. november kl. 1900 blir det ny temakveld på Raulandsakademiet.
«Lidet kun har eg at haabe paa jorden. Afske med den eg har kjær…»
Dag Rorgemoen fortel om utvandringa til Amerika. I 2025 er det 200 år
sidan det fyrste utvandrarfølgjet drog ut for å busetje seg i den nye verda
i vest. Svært mange frå våre bygder følgde etter, og Midt-Vesten var
raskt eit meir naturleg flyttemål enn Midt-Telemark, Skien eller Kristiania.
Kven var det som reiste, og kvifor? Var det mjølk og honning som lokka,
eller var det noko anna ein rømde frå?
Dag Rorgemoen hadde dette som tema for hovudfagsoppgåva si i
historie, og har sidan arbeidd med utvandrarhistoria gjennom arbeidet
sitt på Vest-Telemark museum. Han vil fortelje om utvandringa frå
regionen med særleg vekt på Rauland og Lårdal prestegjeld.
Temakvelden er denne gongen eit samarbeid mellom Slekt og Data Vinje
og Rauland historielag. Arrangementet fungerer som eit avspark til ei
lengre markering av utvandrarjubileet.
Etter foredraget blir det som vanleg kaffi, kake og tid til røur i kantina.
Inngangspengar kr 150 for medlemmer, 200 for andre.
Biletet er frå plassen Bratsberg mellom Vaa og Kjelingtveit, ca 1930. Personen er ukjend, for oss yngre.