Årsskrift 2019
Dette årsskriftet inneheld fem artiklar, Tysklandsbriganden, Driftetrafikken på Hardangervidda, kunstnaren Miling Svalastog, Helga Landsverk og om husstandane i Åmyri. Like etter siste verdskrig danna sigerherrane ein brigade som skulle sjå til orden og ro i det okkuperte Tyskland. Her stilte Noreg med soldatar frå 1947 fram til 1953. Neste tema er om driftetrafikken på Hardangervidda. Her er det snakk om husdyr som beita inne på vidda. Desse dyra kom gjerne frå midt- og austare Telemark, men enkelte så langt ned som til nedre Telemark. Desse dyra blei drivne opp på fjellet at hjuringar. Vevkunstnaren Miling Svalastog laga flotte biletmotiv på vevgogna si. Desse heng i mange heimar rundt om i landet. Sommaren 1948 var det ei bygdekunst-utstilling på Rauland. Denne ville Helga Landsverk sjå. Om denne skreiv Helga ein stil då ho gjekk på realskulen i 1948. Til sist er det ei lita forteljing om staden Åmyri i Rauland. Ei slette ned mot Totak ved elva Bitu. Her låg m.a. Hardingplassen som var i drift som marknadsplass frå ca. 1855 og fram til 1897.