Årsskrift 2002
Olav Fastøyl var fødd på husmannsplassen Flatastaul i Rauland, og budde heile sitt liv der. Dei siste 40 åra åleine.
Den som bur nær naturen og i einsemd, lærer seg å sjå og høyre, og å tenkje over livet. Olav Flatastøyl hadde evna til å formidle dette til andre. Heile livet skreiv han dikt, mot urett og undertrykking, og om naturens store skaparkraft.
I 1979 kom det ut ei samling av dikta hans på Tiden forlag, «Orm i urd».
Denne nye samlinga omfattar dikt frå «Orm i urd», men og mange andre dikt, desssutan litt om livet hans og diktinga.