Årsskrift 2013
Rauland Historielag byrja å arbeide med denne boka i 2012. Før ein kunne byrje å skrive, måtte redaksjonskomitéen samle inn stoff. Her var det å vitje ulike arkiv, som Interkommunalt arkiv på Kongsberg, Statens Vegvesen, Skien, Fylkesbiblioteket i Telemark, Lokalhistorisk- og andre arkiv i Vinje kommune, arkivet til Statskraft og Statsarkivet. Mange timar blei brukte her til å avfotografere eller skrive av gamle og nyare protokollar. Fotografi er alltid viktige i ei bok, og her var jobben å få tak i og løyve til å kopiere bilete folk måtte ha.
Boka er nå klar og viser historia om korleis dei ulike vegane blei til, frå gangstig til bilveg i Rauland. Ho er på 160 sider og er i 22×26 cm format. Som vanleg er ho å få kjøpt i Rauland eller hos bokhandlarar i Vest-Telemark.
Redaksjonsnemnd har vore:
Birger Kjelingtveit
Asbjørn Gardsjord
Gunhild Gardsjord
Solveig Loftsgarden
Tone Liv Kjelingtveit
Trond Solbakken