Ingvald Godal

Medlemskveld tysdag 22. november 2016 på Raulandsakademiet.

Tysdag 22. november foredreg Ingvald Godal om barndomsminna frå sine barneår i Rauland og heimkaupet av Berunuten. Ingvald budde som gutebarn på Rauland prestegard til like etter 2. verdskrig. Far hans var prest i Rauland på denne tida, men reiste med familien til Furnes i 1946. I dette innlegget vil Ingvald ta utgangspunkt i boka han har skrive, Herleg var vår barndoms grend.

I tillegg vil Ingvald fortelje om heimkaupet av Berunuten. Dette føregjekk i siste halvdel av 1970-talet medan han var ordførar i Vinje kommune frå 1976 til 1979.

Alle er hjarteleg velkomne til denne medlemskvelden som startar kl. 1900 i Vesaas-salen. Ein treng ikkje vere medlem av Rauland Historielag for å møte fram, me er storsinna slik. Etter innlegget av Ingvald blir det kaffe og kringle. Med bakgrunn i det siste tek me kr 50,- i inngangspengar for å dekke serveringa.

Velkomne skal de vere.

rauland-prestegard-2009