Verdsarven: Møsvatn-Rjukan-Notodden

Øystein Haugan kjem til Rauland historielag

21.februar 2017 kl. 1900 blir det ope møte i Rauland historielag om verdsarven på Raulandsakademiet i Vesaassalen. Verdsarvkoordinatoren i Tinn, Øystein Haugan, tek oss med på ei historisk reise frå starten av industrieventyret i førre århundre fram mot vår tid. Møtet er på Raulandsakademiet, Vesaassalen kl.19.

Haugan som er eineståande forteljar, også kjent frå Rallarrevyen, kjem til å ause av dei mange forteljingane i den rike historia  vår. Verdsarvområdet strekkjer seg frå Møsvatn til Heddalsvatn ved Notodden, er 90 km langt og er bunde saman med jernbanar og ferjer. Det oppdemde vatnet på Møsvatn og byane Rjukan og Notodden heng i hop. Den nye industrien med utbyggingar på Notodden og Vestfjorddalen, blei bygd på naturressursane i Møsvatn. Møsvatn var lenge Europas største reguleringsmagasin.

Reguleringane av Møsvatn i 1903, 1908 og 1942 sette 5 000 da jord under vatn. Slåttemark, beite, staular og gardsbruk blei overfløymde. Magasinet romar 1114 mill. m3 vatn og årleg 1500 mill. m3 inn og ut av Møsvatn som er energikjelda til industrieventyret Norsk Hydro.

Historia om verdsarven vår fortel om dambygging, tunnelldriving med enkle reiskapar, monumentale industribygg, produksjon av kalksalpeter, utvikling av bysamfunn frå botn, internasjonal storkapital, framvoksteren av arbeidarrørsla og velstandssamfunnet.

Norsk Hydro blei grunnlagt av Sam Eyde og Kristian Birkeland. Den svenske Wallenberg-familien var med på å finansiere det nye selskapet saman med franske bankar. Sommaren 1905 blei avtala underskriven i Paris.

På Facebook skriv ordførar Jon Rikard Kleven om at me må utnytte at me har fått Pyramidene i Vinje. Er det dette UNESCO meiner når dei omtalar verdsarven vår som uttrykk for «gjennomgående samfunnsendringer» og «en viktig tilvekst for menneskeheten på vitenskapen og ingeniørkunstens område»?

Inngangspengar kr 100,- som dekkjer kaffe/kringle og leige av rommet.

     

                         Møsvasskomitèen 3. aug. 1903

F.v.: H. A. Hansen O. H. Holta, Sam Eyde, H. C. Hansen og G. Smidt

Dammen frå 1906 nedstraums