Rydding av vindfeller på Rinde.

I fjor sommar/haust har vinden felt mange tre over gravhaugane på Rinde. Desse bør me rydde vekk. Rinde ligg innerst i det nye bustadfeltet Krontveit. Neste torsdag, 26. april kl. 1200 er det dugnad for å få bort trea som ligg over gravhaugane. Laget er takksam om så mange som råd har høve til å møte for å ta eit tak. Kvist og bar må me rydde vekk og brenne. Stammene blir saga opp til ved. Om du har motorsag eller ikkje, er du like velkommen.