Årsplan 2021

Fullstendig årsplanen for 2021 føreligg ikkje enno. Ein kan likevel nemne fylgjande:

8. juni tur til Vest-Telemark Museum med utflukt også til brynesteinsbrotet i Eidsborg. Frammøte ved skuleplassen på Rauland skule kl. 1000. Ein køyrer i private bilar

19. juni dagstur til Ragnhildsekrefossen i Bitu. Frammøte ved krysset til Kråmviki kl. 1000.

17. aug. tur til Vemork med Industriarbeidarmuseet. Omvising og mat på staden. Denne turen går dessverre ut p.g.a. at Vinje Pensjonistlag har vore på same turen for ei stund sidan. Pensjonistar i Rauland er også med i Vinje Pensjonistlag.

Alle er hjarteleg velkomne til å bli med desse turane.