Årsskrift 2001

Nokre blad or soga om kvalfangarane i Rauland og Vinje.

Ein skulle vel ikkje tru at kvalfangst var noko typisk i ei fjellbygd. Typisk eller ikkje,- det er i alle høve eit faktum at kring 120 raulendingar og vinbyggjer reiste til Antarktis for å prøve lukka som kvalfangarar.
Dei fyrste reiste i slutten av 1920-åra,- frå stor arbeidsløyse og små framtidsutsikter i heimbygda til hardt arbeid og god forteneste i Sydishavet. Og investerte oppspart forteneste i noko som kunne trygge framtida for seg og sine der heime.

I kjølvatnet av førkrigsgenerasjonen kvalfangarar fylgde det etter krigen ein straum av ungdom frå fjellbygdene ned til Sydishavet på kvalfangst.Einskilde år var 20-30 kvalfangarar frå Rauland og Vinje med på den tids oljeeventyr, som ein i alle fall i ettertid kan seie gjekk langt over grensa til rovdrift.
«Kval i sikte» er skrive på grunnlag av muntlege og skriftlege kjelder blant folk som deltok i kvalfangsten.
Boka er innbunde, inneheld mange foto og er på 78 sider.  I skriftstyret sat Olof Bylander, Helga Landsverk og Tone Liv Kjelingtveit med Herman Henriksveen som redaktør og skrivar av det meste av stoffet.