Årsskrift 2004

Pelsdyrhald var ei viktig attåtnæring på dei fleste gardsbruk i Rauland som i andre bygder i periodar før, under og litt etter krigen. I Vinje starta Olav Aarhus på Århus alt med rev på 1920-talet. Såleis var han ein føregangsmann her i området.

Boka «Pelsdyrhald i fjellbygdi» har i tillegg til den generelle delen, ein presentasjon av mange gardar som dreiv,- eller driv, med oppdrett av pelsdyr. Boka har mange bilete, somme i fargar, inneheld 76 sider, og er skrive av ei nemnd med desse medlemmene: Øystein Kostveit, Jon Kostveit, Solveig Loftsgarden, Olof Bylander og Torbjørn Berge.

Boka er trykt av Grenland Reklame a/s.