Årsskrift 2005

I Rauland, som i andre bygder, er det spor og minne etter gamle plassar i grender og utmark. År for år gror dei att, skogen tar attende dyrka jord og dekker tuft og steinrøys. Til slutt gror gløymsla over.  Men her har det budd folk, småkårsfolk som all si tid streid med å livberge seg og ein stor familie. Dei flutte frå stad til stad med von om eit betre liv, men fattigdommen fylgde med på lasset. Det lever framleis att folk som kan fortelje og som minnest. Men tida er inne for å samle denne kunnskapen. Dette er emnet for Rauland Historielag sitt årsskrift for 2005.
Boka er på 238 sider og omhandlar nær 90 tidlegare husmannsplassar og familiane som budde her,- frå Songa, i grendene langs Totak,- Arabygdi, Raulandsgrend, Haddland, Austbø, Nesland, Skålestrondi og Kostveit. Boka er innbunde og har mange bilete, både i fargar og svart/kvitt. Medverkande i laginga av boka har vore: Jon Kostveit, Solveig Loftsgarden, Helga Landsverk, Birgit Landsverk, Åsta Østmoe Kostveit, Øystein Kostveit, Herman Henriksveen og Tone Liv Kjelingtveit.

Boka er trykt av Grenland Reklame a/s.