Årsskrift 2006

I 2006 var det 50 år sidan utbygginga av vassdraga i Øvre Telemark starta. Rauland Historielag ville også vera med på markeringa og valde fjelldalen Bitdal og vassdragsutbygginga der som tema for årsskriftet for 2006.
 
Det var strid omkring neddemming av denne fine beitedalen. Det blei utbygging, men utbyggaren har gjort sitt beste for å legge til rette, med veg langs vatnet, tilkomst for båtar og pussing av demninga og området omkring for å dempe ned naturinngrepa.

Mykje av dalens historie ligg no løynt under vatn. Den historia vil denne boka ta vare på, slik at dalen nok er løynt, men ikkje gløymt.

Forfattarane har vore Birger Kjelingtveit, Øystein Kostveit og Johan Vaa.

Boka er nå utseld.