Årsskrift 2007

Med årsskrift 2007 ynskte Rauland Historielag å dele små og store inntrykk med lesarane gjennom ulike artiklar som er laga utifrå kjeldemateriale som historielaget sit på, eller med bakgrunn i kjelder i Lokalhistorisk arkiv ved Raulandsakademiet. Ein del av artiklane har lege og venta å bruk, men fleire er nyproduserte.

Det meste dreiar seg om dei nære ting, med opplevingar og menneske knytt til nærmiljøet. Men raulendingar har omsut for meir enn det heimlege. Prologen til Olav Flatastøyl på ein kveld for flaumramma i Nederland, og dagboka frå 10.-klasseeleven Helen Cabrera frå raulandselevane sin fredstur, vitnar om dette. Og for fyrste gong, har me ein artikkel på svensk, om nasjonalskattane våre som fór til Sverige med god hjelp.

Ingrid Skjøtskift, Øystein Kostveit og Birger Kjelingtveit har sete i redaksjonsnemnda.