Årsskrift 2008

Staulsdrift stod sentralt i gardsdrifta heilt til oppi 1900-talet. I dag lever det ikkje så mange att i Rauland som har opplevd livet og arbeidet på staulen. Nye generasjonar kjenner ikkje til denne sida av garsdrifta, og for mange unge vil sumt arte seg som eit eventyr. Historielaget synest staulssoga er ein viktig del av arbeidslivet og kulturhistoria for bygda. Derfor kjem me ut med denne boka, og vonar at mange vil ha glede av ho.

Utmarksressursane har alltid vore viktige på fl eire vis. I dei siste åra har me sett ei stor endring og ei rivande utvikling på dette feltet. Det blei naturleg å taka med nokre tankar kring det.

Rauland historielag har tradisjon med dugnad. Og arbeidet med denne boka er også lagt opp som ein stor dugnad, der me fyrst valde grendemenn. Desse har samla stoff gjennom skriftlege kjelder og intervju, eller dei har engasjert folk til sjølve å skrive ned sine staulsminne. Slik sett har svært mange bygdefolk vore med i prosessen, og har sin del i boka. Likevel er det sjølvsagt nokon som har lagt ned mest arbeid, hatt ansvar for å få alt stoffet samla og redigert og gjort det klart for trykking. Det er ikkje få timar som er bruka her.

Ettersom det er mange forskjellige som skriv, vil det òg bli forskjellige val av målformer. Nokon vel a-mål, andre i-mål, sume vel å skrive meir dialekt og så bortetter. Me har vald å gjeva den einskilde fridom her. For Vå og Arabygdi nyttar me ordet støyl, som der er naturleg. For dei andre grendene brukar me staul.