Årsskrift 2009

”Songa syng på viddi vide”.

Det er poesi i denne linja, som stod i ei gamal lesebok. Namnet vekkjer gode minne for så mang ein. Songa er eit vassdrag med mykje sogesus, frå den forhistoriske tid og framover hundreåra, med rikdom i jakt og fiske. Ein eigen dåm ligg over fjellgarden Berunuten. Songa blei ein sentral plass for motstandsrørsla under siste verdskrig.  Vassdragsutbygginga frå 1960-åra, førde med seg store endringar i landskapet. Med heimkaup av veldige areal kring Songavatni, har området vorte lett tilgjengeleg med opne hytter for ålmenta, til glede for alle som likar å oppleva fjellet

Denne boka er ei ny og auka utgåve av Rauland Bygdelag: Songa 1983. Sidan denne boka har vore utseld i mange år, var det eit stort ynskje om å få boka utgjeven att, men då i revidert og utvida form. Såleis kom ho ut som årsskrift for 2009 for Rauland Historielag. Det meste av stoffet frå fyrste utgåva er kome med, og er plassert mellom nytt stoff og merkt med årstalet 1983. Forfattarane er nemnde ved artiklane, og liste over fotografar finn ein bak i boka. I skriftstyret sat Birger Kjelingtveit og Øystein Kostveit frå historielaget saman med Lasse Mathisen frå Vinje kommune.

Boka er dessverre utseld.