Årsskrift 2010

Når no Rauland Historielag gjev ut bok om handverkarar, er det etter grundig diskusjon og vurdering. Me såg at tida var inne til å samle og skrive ned opplysningar om handverkarar, ettersom det framleis var mange som hadde personleg kjennskap til mykje. Handverket har hatt ei sterk stilling i bygdene her, men tida er i rask endring, og vår nære fortid blir fort gløymt.

Det blir mange ting å gjere vedtak om, som stad og tid, kva og kven. Me har vald tidsrommet frå 1900 til i dag. Då vil det seie at somme er fødd på 1800-talet. Etter kvart fann me ut at boka skulle omfatte gamle Rauland kommune, det vil seie Øyfjell, Møsstrond og Rauland sokn. Emnet var bygdehandverk, men kva er det? Undervegs har nok det fått ein vid definisjon, men me har halde oss til handverk som gjev eit varig resultat, altså ikkje bakst t.d.! Handverket femner fire hovudgrupper: arbeid med tre, tekstil, metall og måling, dessutan skinn og lêr.

Kven skulle vera med i ei slik bok? Frå fyrst av tenkte me kanskje helst på dei kjende og dyktige handverkarane, men me kom snart til at her må mange med. Noko avgrensing måtte me likevel gjera. Me har derfor eit krav til utøvarane, at dei må ha stilt ut eller seld noko. Dei fleste i Rauland ville elles ha blitt med i denne boka! Me har halde oss til dette kravet og ikkje gjort noko slag form for kvalitetsvurderingar. Så her finn me den anerkjende handverkaren og den meir hobbybaserte utøvar. Til saman gjev det eit bilete av mengd og mangfald.

Det har vore ei vanskeleg grense mellom kunst og kunsthandverk. Me har vald å ta med kunstnarar som hadde si barne- og ungdomstid her, for å syne at frå eit rik handverksmiljø stig somme fram og blir kunstnarar. Me har då teke med illustrasjonar av deira tidlege arbeid. Knut Skinnarland var t.d. treskjerar før han utdanna seg til bilethoggar. Dyre Vaa og Reidar Kolbrek var båe ferdig utdanna kunstnarar då dei kom til bygda og er derfor ikkje med.