Årsskrift 2014

Historielaget vil med bilete syne denne endringa over tid. Så langt det har vore mogeleg, har medlemmer av laget funne fram til stader der eit eldre bilete er teke, for så å take eit nytt i dag og samanlikne. Det har ofte synt seg vanskeleg. Der fototgrafen stod for fleire ti-år sidan, er det i dag umogeleg å taka eit nytt bilete som syner endringa. Ein må flytte seg, ofte fleire ti-meter, til ein ny stad, som sjølvsagt syner endringa, men det blir ofte frå ein heilt annan vinkel. Det meste gjeld vegetasjon som gror opp. men også bygningar som har kome i vegen.