Bitdal – frå flint til kilowatt, utgåve 2.
I 2022 kom Rauland Historielag ut med ei revidert utgåve av Bitdalsboka. Boka frå 2006 hadde vore utseld i mange år.
Boka inneheld sjølvsagt stoffet frå 2006. I tillegg har det kome ein artikkel om kva Telemark Landbruksselskap var og er. Telemark Landbruksselskap har frå ca. 1950 vore ein stor aktør inne i Bitdal med fleire drifter. I tillegg er det artikklar om kva ein kunne ha gjort for ikkje å demme ned denne vakre dalen, men likevel nytta vatnet til kraftproduksjon. Sist, men ikkje minst: Johan Vaa har skrive inn nokre historiar om løglege hende frå Bitdal.
Boka inneheld mykje nytt biletstoff. Det nye er det Martin og Turid Taksdal som har teke. Dei var inne i Bitdal som driftehjuringar på slutten av 1950-talet. Martin var ein ivrig fotograf. Alle desse bileta har Rauland Historielag fått tilgang til.