Bitdal – frå flint til kilowatt, utgåve 2.

I 2022 kom Rauland Historielag ut med ei revidert utgåve av Bitdalsboka. Boka frå 2006 hadde vore utseld i mange år.

Boka inneheld sjølvsagt det stoffet som var frå 2006. I tillegg har det kome ein artikkel om kva Telemark Landbruksselskap er og var. Telemark Landbruksselskap har frå ca. 1950 vore ein stor aktør inne i Bitdal med fleire drifter. I tillegg er det artikklar om kva ein kunna ha gjort for ikkje å demme ned denne vakre dalen, men likevel nytta vatnet til kraftproduksjon. Sist, men ikkje minst: Johan Vaa skreiv inn nokre historiar om løglege hende frå Bitdal.

Boka inneheld mykje nytt biletstoff. Det nye er det Martin og Turid Taksdal som har teke. Dei var inne i Bitdal som driftehjuringar på slutten av 1950-talet, og Martin var ein ivrig fotograf. Alle desse bileta har Rauland Historielag fått tilgang til.