Boklansering 2019

Boklanseringa i år blir på to stadar. Fyrst blir det på Dyre Vaa samlingane laurdag 23. nov. d.å. kl. 1400 i samband med utstilling av arbeida til Miling Svalastog. (Sjå linken om dette på denne heimesida.) Andre gongen blir det på Raulandsakademiet sundag 24.nov.d.å. kl. 1400. Lanseringa her blir i Årestoga med bilete. Alle er hjarteleg velkomne begge stadar.

Boka inneheld i år stoff om raulendingar i tysklandsbrigaden like etter siste verdskrig, driftetrafikken med fe frå Midt-Telemark til fjells, biletkunstnaren Miling Svalastog, om ei kunstutstilling i 1948 og Åmyri som sentrum på slutten av 1800-talet.

—————–

Etter siste verdskrig blei Tyskland okkupert og delt mellom dei allierte og Sovjetunionen. Dei allierte okkuperte Vest Tyskland der Noreg også sende soldatar i lag med dei andre allierte nasjonane. Noreg deltok frå 1947 til 1953 med ca. 50 000 soldatar før oppdraget var fullført.

  Odd Nystog som soldat i Tyskland.

   Korporal Haldor Myrvang

Driftetrafikken med dyr er eit omfattande tema. Det er i dag lite å finne att i naturen frå denne aktiviteten. Me finn trakk eller far i bakken etter dyra som gjekk der og nedrasa steinbuer eller hóler under store steinar der hjuringane budde. Det må ha vore ei trasig tilvære, ofte kaldt og vått.

 Kyr sym over Totak i Arabygdi.

  Steinbu i Austre Skindalen.

Rauland har fostra og teke i mot fleire kunstnarar. Ein av dei som kom til bygda, var Miling Svalastog. Ho var frå Trøndelag, men gifte seg i Rauland og blei verande. Ho var biletveverske fyrst og fremst.

 Miling i vevstoga på Bøen.

  Byklestigen av Miling.

Helga Landsverk er eit mangeårig medlem i Rauland Historielag. Som ung i 1948 gjekk ho på realskulen i Bø. Der fekk ho i oppgåve å skrive om ei kunstutstilling. Same året var det stor kunstutstilling av det nystarta Rauland Bygdelag i det gamle kommunehuset Rauland. Dit reiste Helga.

 Helga Landsverk som ung.

Fram til langt utpå 1960-talet eksisterte det neppe eit sentrum i Rauland. Frå då av voks det dei i si tid kalla for Krossen fram. Der møtest vegane frå Åmot, Austbø og Raulandsgrend i det me i dag kallar for Rauland sentrum, eller berre Rauland. Om Rauland før denne tid, kanskje i mellomkrigsåra eller tidlegare, kunne rekne Haddland med Tingvoll (det gamle kommunehuset) eller Åmyri med den gamle marknadsstaden, Hardingplassen, som sentrum, blir eit diskusjonsspørsmål.

  Åmyri i dag.

 Aslak Lognvik med dottera Magnhild.

Biletet på framsida er eit panoramabilete frå  Kringlesjånuten i Kvenndalen ned mot Gunnleiksbu- og Briskevatn.