Hardingslepa – Åmyrmarken

Denne skriftsamlinga er gjeve ut i høve oppatt-taking av den gamle tradisjonen «Hardingslepa». Initiativet til dette møtet mellom hardingar og raulendingar, over Hardangerv
idda, etter eit opphald på bortimot 100 år, vart tatt av tiltaksame folk frå Hardanger. Ideen vart vel motteken i Rauland, og 1. august 1992 vart møtet sett på Hardingplassen i Åmyri.

Mykje er skrive om denne ferdsla gjennom tidene over Hardangervidda, men det er spreidd i mange skrifter. Derfor vart denne skrift-samlinga til. Og her finn ein skildringar og kart som kan inspirere til nye turar langs «Hardingslepa». Boka kom ut att i ei litt større utgåve i 1997 i samband med markeringa av 100 års-jubileet for den siste Åmyrmarken. Då var det arrangement på Saltpytt ved Songa og i Åmyri.

Boka inneheld illustrasjonar av Harald Kihle, og Bottolf Helleland har tolka namn langs ruta.

Av Øystein Kostveit og Birger Kjelingtveit, 1992 og 1997.