Rauland Historielag har i mage år hatt omsut for helleristningane på Sporanes. Logoen til historielaget er ein av figuraene på helleristningsfeltet. Mange brev er blitt sendt og mange telefonar tatt, i von om at noko skulle bli gjort for betre å ta vare på dei eineståande figurane frå eit felt som skal vere ganske unikt.
I boka vil ein finne bilete av helleristningane, tolking av figurane og historia. Mange er dei fagfolka som har vore her og granska dei sermerkte figurane. I 2012 arrangerte Rauland Historielag i samarbeid med andre eit seminar om helleristningane for å oppsummere kva som er gjort, og betre kunne planleggje kva som bør skje med området for å kunne ta vare på det.
Boka er utstyrt med mange og fine fotografi i tillegg til oversynet over granskingane av helleristningane.
Det er Åsta Østmoe Kostveit, mangeårig leiar av Rauland Historielag, som har skrive boka.