Sveinung Svalastoga
SVEINUNG SVALASTOGA. Målaren, treskjeraren og diktaren.
Forfattar Henrik Henriksveen.
Utgjevar Rauland Historielag år 2000.
95 sider, fint illustrert.
ISBN –82-995579-0-9
Ein biografi over kunstnaren Sveinung Svalastoga (1881 – 1938).
Oppvaksen på Svalastoga, Nesland, iRauland,
Utdanna ved Harald Bruns målarskule og Den kongelege teikneskule, Oslo, 1904 -05, og
N.N. Dorphs målarskule, København, 1909-10
Han busette seg i Rauland med familie, og arbeidde mest i Vest-Telemark og noko i Kragerø.
I tilleg til mange portrett og landskap er han kjend for veggmåleri med draumkvedemotiv i ”Draumkvedesalen” i Rauland gamle kommunehus, og dekorasjon av Møsstrond kyrkje. Han måla altartavle til Tuddal kyrkje, og dekorerte peisestoga i bustaden til fylkemannen i Skien.
Barndomsheimen er rikt dekorert innvendig med religiøse motiv, og utvendig med vakkert figurskorne svalstolpar på fleire bygningar .
Boka har vore utseld lenge, men det er stor etterspurnad, og Rauland Historielag arbeider med tilrettegging for nye opptrykk