Beitedalen Bitdal

Tysdag 15. feb. 2022 kl. 1900 blir det ny temakveld på Raulandsakademiet. Denne gongen vil Margit og Ottar Romtveit fortelje då foreldra til Ottar gjette drifter i Bitdal på 1950-talet for Telemark Landbruksselskap. Foreldra til Ottar Romtveit  gjette i periodar på 1940-, 1950- og 1960-talet. Rauland Historielag har fått låne bileta etter Martin Taksdal, som også gjette i Bitdal, og desse vil ein syne denne kvelden.

Etter århundreskiftet 1900 minka beitetrafikken monaleg innover Hardangervidda. Det blei for tungvindt å drive dyra til fjells. Utmannsbøndene, som før hadde drive dyra sine til fjells for beiting, tok no til å opparbeide kulturbeite i nærområdet.

Frå 1919 leigde Telemark landbruksselskapet beite i Bitdal for sauer. Frå 1939 leigde selskapet også beite for ungdyrdrifter i Bitdal. I 1949 kjøpte selskapet Steinbufloti og Romtveitstaulen av Odd Kjelingtveit (Skeie), og selskapet sit framleis med denne eigedommen i dag.

I avviklinga av driftetrafikken til fjells var det oppsitjarar i Rauland som leigde dyr for å gjete dei på beite om sommaren frå jonsok til krossmess, sjølvsagt for ei viss godtgjersle. Gjetaren betalte det han syntest var passsleg ut i frå avdråtten han hadde fått om sommaren frå det enkelte dyr. Det dyret som ikkje gav avdrått, måtte eigaren betale gjetaren for å ta det med. For ei kvige eller ei avlaten ku betalte  eigaren 3 – 4 kr, for ein hest om lag det dobbelte og for ein sau 0,30 – 0,50 kr. Dette var før 1. verdskrig. Etter krigen auka betalinga monaleg. I Bitdal kunne ein til saman sitje med om lag 400 storfe, 20 hestar og over 200 sauer.

Telemark Landbruksselskap heldt fram med ungdyrbeiting til 1969. Etter den tid har det vore beite for hest fram til utpå 1980-talet.

 

Biletet på framsida er frå Steinbufloti.

Kjelder: Utviklinga av landbruket i Telemark i dei siste 100 år. Telemark landbruksselskap 1877 – 1977

                 Bitdal – frå flint til kilowatt. Rauland Historielag 2006.

                 Heibeti i Telemark. Ragnvald Gravir

                 Bileta: Martin Taksdal

          Ser mot Steinbufloti. Einar Fundlid og Turid Taksdal.

          Drifta har kome til Sprengjebekk ved Kråmvikvegen

                Kyr vest for Steinbufloti i Veimannbubekken