Bli med Vinje Pensjonistlag og Magnus Reiser til blomstring i Hardanger

Fire dagar, 10. – 13. mai 2022, avreise frå Kroa i Åmot kl. 0900 til Langesund med påstigning undervegs og avreise 1430 med Fjord Line der vi får tildela lugar og middagsbufe om kvelden med høve til taxfree handel.  Onsdag er me i Bergen kl. 1230 med frukost ombord. Tur opp på Fløyen med lunsj og litt tid i Bergen før avreise til Ulvik og Brakanes hotell med middag der om kvelden. Torsdag vitjar me Olav H. Hauge-senteret med alt dette har å by på, deretter lunsj på Lekve gard i Ulvik med alt denne har å syne fram. Middag på hotellet om kvelden. Fredag heimtur over Hardangerbrua med stopp på Geilo for lunsj og vidare heim.

Pris p.p. kr 5 850,- med tillegg for enkeltrom/lugar og utvendig lugar på båten. Påmelding innan 19. april til 35 97 33 00, Magnus Reiser, nærare opplysningar 957 22 433 ved Tor.

Turen er eit samarbeid mellom Vinje Pensjonistlag og Rauland Historielag.

Velkomen til ein fin tur.