Ljos og kraft, folk og arbeid

Tysdag 22. januar har Rauland historielag årets fyrste temakveld i Vesaassalen på Raulandsakademiet. Lokalhistorikaren Nils Johan Rønniksen fortel og syner bilete frå Tokkeanlegget.  Temaet er ljos og kraft, folk og arbeid, etter minne og kunnskap frå ein kar som sjølv var med på starten av det omfattande anleggsarbeidet.

Nils Johan Rønniksen var flisgut frå sommaren 1954. Sommaren 1955 var han var med å setje ut stikk for tverrslaga i Eidsborg, Ravnejuv, Rogdelid, Åmot og Tveitodammen.  Deretter var det oppmålingsarbeid ved Bordalsvatn, Langeidvatn og Langesæ.

Oppmålingsarbeidet for utbygginga starta 19. juli 1954, då blei det oppretta eit triangelnett for heile anleggsområdet. Norges Geografiske Oppmåling  bidrog med luftfotograferte kart i målestokk 1 : 50 000. Frå før var det berre unøyaktige amtkart frå 1800-talet.

Nils Johan Rønniksen køyrde seinare betongblandeverket i Åmot. Etter lærarskulen han attende til Åmot som lærar på Åmot skule.

Dei fleste bileta til foredraget er henta frå den store fotosamlinga anleggsfotografen Jostein Granli har levert til Vest-Telemark museum. På ein del bilete er det med fleire raulendingar som arbeidde på anlegget.

Tidspunktet for temakvelden er som vanleg kl. 1900 med servering etterpå. Billettprisen er og som vanleg, kr 100,- for medlemmer og kr 150,- for dei som  ikkje er medlemmer av historielaget. Men alle er like hjarteleg velkomne.

Biletet er frå Ørnereiret i Arabygdi med tverrslaget i Farastadjuvet.